Koronafritt på ungdomsskulen måndag

Ørsta ungdomsskule.   Foto: Arkiv

Nyheiter

Ørsta ungdomsskule opna for vanleg undervisning att måndag, og elevane testa seg sjølv.

- Alle testane viste negativt svar, altså vart det ikkje funne koronavirus, skriv Ørsta kommune på si heimeside.

Testinga skjedde etter den såkalla kohort-metoden. Det vil seie at testinga og analyseringa skjer klasse for klasse. Det gjer at testinga vert meir effektiv.

- Ungdomsskulen vil ha gult nivå denne og neste veke i første omgang, og planen er å kohort-teste elevane ein gong i veka framover, skriv kommunen.