Etterlyser 30 statistar til tekno-film

Det skal spelast inn teknofilm i Volda.  Foto: Høgskulen i Volda.

Nyheiter

Fredag får studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda sjansen til å vere filmstatistar i ein film om VR-teknologi.

Videoen skal inngå i utprøving av VR-teknologi i profesjonstreningsprogram ved HVO. Filmane inngår i eit pilotprosjekt og skal brukast som forskings- og utprøvingsgrunnlag.

Det er ikkje nødvendig med nokon form for erfaring med noko liknande arbeid frå før. Det er behov for kring 30 statistar.

Om filmen:

Det vert simulert eit foreldremøte i ungdomsskulen og ein treng statistar som representerer mangfaldet i befolkninga og som skal spele foreldre. Det er medieproduksjon ved høgskulelektor Jon Harman, og samfunnsfag (GLU) ved førstelektor Trudi Henrydotter Eikrem som står bak produksjonen av denne VR-videoen.