Kommunalsjefen åtvarar

Skuleborn får ikkje god nok symjeopplæring

Symjehallen i Volda er historie.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

kommunalsjef Per Ivar Kongsvik kjem med ei åtvaring til Volda-politikarane:

- Den tida skulane i Volda har til disposisjon i basseng er ikkje tilstrekkeleg til at det er realistisk at ein storpart av elevane kan nå kompetansemåla i symje- og livbergingsopplæring. Særleg er kompetansemåla etter 4. klasse svært krevjande. For elevane våre hastar det med å få meir tid i basseng.

Kommunalsjef oppvekst i Volda kommune, Per Ivar Kongsvik.  Foto: Bengt Flaten, Fjordingen

Dette skriv kommunalsjef Per Ivar Kongsvik.

Etter at symjehallen i Idrettsbygget vart stengd 13. mai 2019, har symjeopplæringa vore utfordrande for skulane og skuleborna i Volda. Og elevane har symjeopplæring ulike stader. Til dømes reiser elevar frå Øyra til Ulsteinvik for å bade og lære symjing, medan Volda ungdomsskule reiser til Folkestad skule.

- Det krev tid å lære seg å symje, og det krev mengdetrening for å opparbeide tilstrekkeleg uthald til å nå kompetansemåla, skriv Kongsvik.

Symjehall: I idrettsbygget i Volda, mellom høgskulen og den vidaregåande skulen.  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Han meiner det er viktig at nytt badeanlegg i Volda vert realisert raskast råd. I den siste framdriftsplanen for ny symjehall, er 1. desember 2023 sett som dato for overlevering av ferdig symjehall.

- For elevane er det avgjerande at denne framdriftsplanen vert halde, skriv Per Ivar Kongsvik.

- Sett med skulane sine auge, vil eit opplæringsbasseng på 12,5 meter i tillegg til eit 25 meters basseng vere det optimale. Då vil skulane kunne drive vasstilvenning og byrjaropplæring i eit mindre basseng, medan dei eldste elevane får høve til trening på teknikk, mengdetrening og livberging i eit større basseng, skriv kommunalsjefen.