Resultatet klart

Senterpartiet valvinnar i Volda

Senterpartiet styrkar statusen som det største partiet i Volda.

Sp-ordførar Sølvi Dimmen kan gle seg over valresultatet (arkivfoto)  Foto: Volda kommune

Nyheiter

Med 23,3 prosent av stemmene går Sp fram 3,6 prosentpoeng samanlikna med siste stortingsval. Arbeidarpartiet hadde ein marginal tilbakegang og er nest størst i Volda med 19,2 prosent. SV er den andre store valvinnaren i Volda med ein framgang på 3,1 prosentpoeng, til 9,9 prosent.

Størst nedgang er det for Framstegspartiet og Høgre. Frp kan har ikkje lenger Jon Georg Dale som veljarmagnet i Volda. Frp, som elles gjer eit godt val i Møre og Romsdal, går tilbake 4,7 prosentpoeng. Høgre opplever ein like stor tilbakegang, men dei har hatt valvinden mot seg både i fylket og nasjonalt.

Kristeleg Folkeparti har tradisjonelt stått sterkt i Volda, men går tilbake 1,7 prosentpoeng. Her har nok Partiet Dei Kristne, med Erlend Krumsvik som førstekandidat, stelt stemmer, men det nye PDK får ikkje meir enn ein prosent av stemmene totalt i Volda.

Her er resultatet for Volda med 99,8 prosent av stemme telt.


  1. Senterpartiet 23,3 % (+3,6)

  2. Arbeidarpartiet 19,2 % (-0,2)

  3. Framstegspartiet 14,9 % (-4,7)

  4. Sosialistisk Venstreparti 9,9 % (+3,1)

  5. Høgre 11,2 % (-4,7)

  6. Kristeleg Folkeparti 7 % (-1,7)

  7. Miljøpartiet Dei Grøne 3,5 % (-0,2)

  8. Raudt 3,7 % (+1,8)

  9. Venstre 3,6 % (+0,2)

  10. Demokratane I Norge 0,9 %

  11. Partiet Dei Kristne 1,0 %

  12. Industri- Og Næringspartiet 0,8 %

  13. Partiet Sentrum 0,5 %

  14. Alliansen – Alternativ For Norge 0,2 %

  15. Pensjonistpartiet 0,2 %

  16. Helsepartiet 0,1 %

  17. Folkeaksjonen nei til meir bompengar 0,1 %

  18. Liberalistane 0,1 %