Kan bli aktuelt med tredje dose for eldre innan seks månader

Illustrasjonsfoto.  Foto: Jonas Otneim Myklebust

Nyheiter

FHI jobbar med å kartleggje kven som kan trenge ein tredje vaksinedose, og eldre kan få tredje stikk innan seks månader.

– Det kan bli aktuelt innan seks månader. Det kan òg bli aktuelt seinare. Det må vi komme tilbake til, seier assisterande direktør Geir Bukholm i Folkehelseinstituttet (FHI) til VG.

Prioriteringslista er klar.

– Vi vurderer fortløpande om det kan vere nødvendig å gi ein tredje dose til sjukeheimsbebuarar, dei over 85 år, gruppa mellom 85-65, og risikogruppene under 65 år. I den rekkjefølgja.

Bukholm seier dei per no ikkje har kunnskap frå forsking eller erfaringar frå andre land eller signal frå nasjonal overvaking som peikar på at det er ein klar gevinst på å ta tredje dose.