Drenering kan redusere risiko for stort fjellskred

Det rasutsette fjellpartiet Åkneset i Sunnylvsfjorden.   Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK

Nyheiter

Ved å drenere det rasfarlege fjellpartiet Åkneset i Stranda kommune, trur NVE at dei kan redusere risikoen for eit stort skred.

– Vår analyse viser at drenering sannsynlegvis vil stabilisere fjellpartiet, og redusere faren for eit stort fjellskred frå Åkneset. Det er betydeleg skredfare i området. Vi vurderer derfor nytte/kost-effekten av å drenere til å vere svært høg. Vi foreslår derfor å gjennomføre drenering med ei trinnvis tilnærming, der effekten av tiltaka blir målt og evaluert fortløpande, seier Brigt Samdal, avdelingsdirektør for skred- og vassdragsavdelinga i NVE, i ei pressemelding.

Dagens overvakingssystem gir moglegheit til å varsle og evakuere utsett busetnad, og reduserer dermed risikoen for store samfunnsmessige konsekvensar. Drenering av fjellpartiet vil redusere risikoen endå meir for slike store konsekvensar. Dette inkluderer både risikoen for gjentatt og omfattande evakuering av tusentals personar, og økonomiske tap som eit eventuelt skred vil gi, opptil 50 milliardar kroner.

Det ustabile fjellpartiet Åkneset i Stranda kommune er klassifisert som eit høgrisikoobjekt for ras, og vert overvaka heile døgnet. Eit stort steinras vil gi flodbølgjer i fjorden, og busetnad og infrastruktur langs fjorden i fleire kommunar vil vere utsett. I Hellesylt og Geiranger kan bølgjehøgda bli mellom 30 og 85 meter, avhengig av skredstorleik.