Bråkete studentfestar

Nyheiter

Politiet måtte rykke ut til ei av studentblokkene i Volda to gongar natt til søndag, på grunn av klager frå naboar.

Politiet skriv på Twitter:

Volda klokka 0210: "Ordensforstyrring. Høg musikk frå fest i studentbustad. Patruljen avslutta festen og ga pålegg om å halde stilt resten av natta."

Klokka 0330: Patruljen tilbake i studentblokka. Avslutta en ny fest i ei anna leiligheit."

Tidlegare på natta var det og klager på ein fest,men det står ikkje noko om også det var i studentblokkene.

Klokka 0122: " Ordensforstyrring. Studentfest med mange deltakarar avslutta av patruljen. Klage på bråk frå naboar.", skriv politiet på Twitter