– Ta ein tur i tareskogen

Det gedigne og fargerike universet under vassflata langs kysten vår vil marinbiolog Pia Ve Dahlen at vi skal bli meir opptekne av og kjende med. Det var her livet oppstod, og truleg er det her livet kjem til å trekkje sitt siste sukk.

Kom dykk ut og klem ein lokal tangdott, oppfordrar marinbiolog Pia Ve Dahlen. Ho vil at folk skal bli meir opptekne av livet i fjæra og havet.   Foto: Foto: Kari Hamre/ NPK

Nyheiter

– Eg likar å følgje tanken om at ein tar vare på det ein er glad i, men det er vanskeleg å bli glad i noko ein ikkje veit om. Når det gjeld havet, er det mykje vi ikkje veit, fordi artskunnskap og oppdagingsferd under overflata ikkje har vore ein del av skulegangen vår, seier marinbiolog Pia Ve Dahlen. Ho jobbar fulltid som formidlar om havet og held foredrag for både barn og menn i dress for at vi alle skal få litt wow-effekt og bli meir medvitne om livet i det store oseanet.