Koronasertifikatet til tidlegare smitta blir forlengt

Fredag vart koronasertifikatet til tidlegare smitta utvida med seks månader.   Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

Nyheiter

Regjeringa utvidar gyldigheita på koronasertifikatet for folk som har vore gjennom covid-19-sjukdom frå seks til tolv månader.

– Regjeringa utvida 28. august perioden for unntak for smittekarantene frå seks månader til 12 månader for personar som har gjennomgått covid-19-sjukdom, dersom sjukdommen kan dokumenterast av norsk helseteneste, skriv regjeringa i ei pressemelding.

Bakgrunnen for endringa er at det no er god dokumentasjon på at personar som har hatt covid-19-sjukdom, er godt verna i minst 12 månader, opplyser regjeringa.

– Det har teke litt tid å få den tekniske løysinga for utvidinga klar i koronasertifikatet, men fredag 10. september blir koronasertifikatet til innanlands bruk oppdatert slik at det er grønt i 12 månader etter gjennomgått covid-19-sjukdom.

Det blir inga tilsvarande endring i fritak frå innreisekarantene for personar som har gjennomgått covid-19.