Tredet offisielt opna

- Dette er supert

Offisiell opning av Tredet laurdag. Ordførar Sølvi Dimmen klippar snora. Til høgre ein av eigarane: Jon Bjørdal.  Foto: Roar Vikene/Volda Næringsforum

Nyheiter

Etter hundrevis av dugnadstimar, og innskot frå rundt 70 lokale aksjonærar, kunne Tredet i Volda sentrum offisielt opnast laurdag. Ordførar Sølvi Dimmen klipte snora, etter at ho først gjorde eit lite "stunt" då ho gjekk fram for å utføre handlinga, noko Nærnett fekk dokumentert.