75 år med «yrkesskule»

Tidlegare lærarar og elevar ser tilbake på tida ved Ørsta vidaregåande skule, som fyller 75 år i haust.

Jubilerer: Rektor saman med lærlingar og elevar. Frå venstre: Markus Myhre-Steinnes (lærling Brage & co.), Ane-Marie Gjersdal (Vg2 helseservice), Peter Bjørndal (lærling Grøvik Verk AS), rektor Roger A. Fylling, Per Steinnes (Vg2 tømrar), Camilla Lien (lærling Eiksenteret), Håkon Woldseth, (Vg2 køyretøy). Foto: Nils Jarle Sætre/Tind Media 

Nyheiter

Oppveksten min dreia seg om yrkesskulen. Eg fekk det inn med morsmjølka, seier Bodil Hovden (75). Faren Leif Hovden var fyrst lærar og så rektor. Han er også den som har vore lengst i den stolen, i heile 37 år frå 1946 til 1983. Mora, Ingrid, jobba gratis i fleire år før ho vart tilsett i ei administrasjonsstilling i 1963.