Fredag

To nye med korona i Volda

Koronatesting.  Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

Volda kommune fekk fredag melding om to nye smittetilfelle med covid-19.

- Begge har vore i nærkontakt med tidlegare kjende smittetilfelle. Desse utløyser få nye nærkontaktar. Nokre elevar ved Volda VGS har fått beskjed om å ta ein ekstra test i starten av neste veke, skriv kommunen i ei oppdatering fredag klokka 1530.

Kommuen skriv også: Minner om at elevar som går på skular der det har vore fleire smittetilfelle bør halde seg heime og bestille test dersom dei får symptom. Dette er viktig sjølv om ein ikkje er nærkontakt med eit kjent smittetilfelle, eller dersom ein har vore i eit testregime og vert sjuk etter siste test.