Nedre del av Fremre Mo-utbygginga

– Kan vere aktuelt å sjå på vedtaket på nytt

Kommunestyret under synfaringa på Fremre Mo.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Saka om regulering og bustadbygging på Fremre Mo i Ørsta har skapt mykje diskusjon det siste året. Fleirtalet i kommunestyret gjekk inn for ta ut den nedre delen av planen og sende planen for den øvre delen ut på høyring. I høyringssvara har fylkeskommunen varsla motsegn om ikkje kommunen gjennomfører ei grundig vurdering av trafikktryggleiken i krysset Mosmarkvegen/Dalevegen/Anders Hovden-gata. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ber kommunen om ta ut to bustadområde og ein tilkomstveg i planen. Årsaka er at det er oppdaga ein lokalitet for hønsehauk på Fremre Mo.