No kjem hurtigruta tilbake til Hjørundfjorden

Hurtigruta og Urke.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Vi går snart inn i første haustmånaden, og med den kjem hurtigruta tilbake til Hjørundfjorden.

Hurtigruta går innom Urke i perioden frå 1. september og ut oktober. Neste år kan Urke feire 10-årsjubileum som vertshamn for hurtigruta. Det var hausten 2012 at første hurtigrute-anløpa på Urke var, og sidan har bygda blomstra som turistbygd.

Hurtigruta har gått langs norskekysten i nesten 130 år. Det var i året 1893 at hurtigruta sin grunnleggar Richard With la ut på første tur i den legendariske rutetrafikken langs norskekysten.