Sjukeheimane i Ørsta stengjer for besøk

Hjørundfjordheimen.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Etter den siste utviklinga i smitteutbrotet i Ørsta-Volda stengjer alle sjukeheimar i Ørsta kommune for ordinære besøk.


Oppmodar folk om å vere i ro

49 nye smittetilfelle i Ørsta-Volda torsdag

Ørsta og Volda kommunar opplyser torsdag ettermiddag at det i løpet av dagen er registrert heile 49 nye smittetilfelle i Ørsta-Volda. Dermed er smittetalet denne veka oppe i 69.



NRK:

Volda kommune vurderer å politimelde utestad

Videoar frå utestaden My Kitchen i Volda viser ungdommar tett i tett sist helg. No vurderer Volda kommune å politimelde utestaden, melder NRK, noko ordførar Sølvi DImmen stadfestar overfor Møre-Nytt.


Sjukeheimslege Linda Fonseca i Ørsta skriv i ein epost til Møre-Nytt:

«Pga mykje ny smitte og uoversiktleg situasjon stenger sjukeheimane for ordinære besøk. I spesielle situasjonar kan me vurdera besøk individuelt.

Alle tilsette skal bruka munnbind i pasientnært arbeid.

Dette gjeld til ny vurdering mandag og er beslutta av sjukeheimslege i samråd med kommuneoverlege.»

Tidlegare på dag torsdag melde Ørsta kommune at det vart innført avgrensa besøk på sjukeheimane, men reglane er altså no innskjerpa til full stenging for ordinære besøk.