Stadig fleire meldingar om smitta

58 nye smitta i løpet av torsdagen

Koronatesting  Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

Smitteutbrotet i Ørsta-Volda vert stadig verre. På Volda si heimeside torsdag kveld vert det opplyst at ein har registrert 58 nye smitta i Ørsta-Volda i løpet av torsdag.

Der står å lese:

"I ettermiddag kom det stadfesting på 9 nye smittetilfelle i Volda og Ørsta i dag, noko som innebærer at Volda og Ørsta totalt har fått stadfesta 58 nye smittetilfelle i dag."