Testa positivt på korona etter ferie i Stryn

Illustrasjonsfoto  Foto: SIGRID HEGGESTAD / FJORDINGEN

Nyheiter

Fjordingen: Ein ny person har testa positivt på covid-19 etter ferieopphald i Stryn. Den smitta budde på hytte på ein campingplass i kommunen.

- I perioden onsdag 21. juli i tidsrommet 12.30 - 15.00 var vedkomande på Loen Skylift/Hoven, i tillegg har personen vore innom nokre lokale butikkar, opplyser Stryn kommune.

Vedkomande har ikkje kjend smitteveg.

- Stryn kommune har mange turistar og besøkande desse sommarvekene. Den siste veka har vi fått beskjed om fleire personar som har testa positivt på covid-19 kort tid etter heimreise. Dette fører til auka smittefare, særleg i kommunen sine butikkar, bensinstasjonar, serveringsstadar og populære turmål, skriv kommunen.

Kommunen minner om viktigheita av å halde avstand og ha god handhygiene samt holde seg heime og teste seg ved symptom på sjukdom og oppmodar om å ringe beredskapstelefonen på tlf. 57 87 49 29 (måndag – fredag kl. 10.00 – 11.30) ved spørsmål eller behov for koronatest.

Denne saka blei først publisert i Fjordingen.