Nytt smittetilfelle i Volda

Koronatesting  Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

Volda skriv på Facebook-sida si at dei onsdag 21. juli fekk meldt eit tilfelle av koronaviruset.

– Vedkomande hadde vore på innanlandsreise, smittekjelda reknast som kjend og skriv seg frå ein annan stad i landet. Nærkontaktane er kontakta, skriv kommunen.

Dei oppmodar difor at alle som var på Family Sports Club måndag ettermiddag og kveld om å teste seg og å ha låg terskel for det om dei får symptom.