FHI:

Delta er no dominerande i Noreg

Koronatesting.  Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

Delta er no den virusvarianten som blir oftast påvist i Noreg.

Det går fram av Folkehelseinstituttets vekerapport om koronapandemien.

Talet på stadfesta tilfelle med deltavarianten har auka frå 1 prosent i veke 18 til 58 prosent i veke 28. Samtidig har delen alfa falle frå over 90 prosent til 27 prosent. Utbreiinga av delta varierer likevel frå fylke til fylke.

Det har vore venta at delta ville bli dominerande i løpet av sommaren.

Delta (B. 1.617.2) vart første gong påvist i India i desember og har no vorte den dominerande varianten i Storbritannia, Danmark, Portugal, Sør-Afrika, Singapore og Russland. I tillegg er han på hurtig frammarsj i fleire land i alle verdsdelar.

Delta blir rekna som meir smittsam enn alfa, som vart dominerande i vinter. Den ser òg ut til å kunne auke risikoen for alvorleg sjukdomsforløp.

Samla tal på melde tilfelle med covid-19 har likevel vore stabilt i Noreg dei siste seks vekene.

Det er førebels meldt 1.173 tilfelle av covid-19 i veke 28, ned 0,2 prosent frå veke 27. Smittetrykket i Noreg ligg på 44 melde tilfelle per 100 000 innbyggjarar for veke 27 og 28 samla.

Det er Oslo, Rogaland og Viken som har flest smittetilfelle per innbyggjar.