Naboar:

- Køyretøy på bortimot hundre tonn dundrar forbi husveggane våre

Masselageret og utskipingskaia til Steinsvik Olivine. Like ved ser vi bustadane på Treneset. Der har naboane for lengst fått nok.  Foto: Privat

Nyheiter

Uroa kring drifta av olivin-anlegget i Steinsvika i Dalsfjorden held fram. No har fire naboar til anleggsdrifta klaga til Volda kommune. Årsaka er at naboane hevdar Steinsvik Olivin brukar dumparar for å frakte olivin, og ikkje semitrailerar. Naboane meiner det ikkje er høve til å nytte dumparar, og viser til innhaldet i reguleringsplanen.