Dei har starta nytt meklarfirma i Ørsta-Volda

- Kor stor marknadsdel vi skal ta? Nei, det får jo vise seg. Men vi veit at det er behov for vårt nye firma i marknaden.

Cecilie Langva, Tommy Sylte og Thomas Lundberg.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Det seier Thomas Lundberg, som er dagleg leiar i det nye meklarfirmaet Legal Eigedomsmekling med kontor i Vikegata 9 i Ørsta. Firmaet består av advokatane Thomas Lundberg og Cecilie Langva og Tommy Sylte, som har seksten års erfaring som eigedomsmeklar.