Ny skarp protest mot øyding av bru frå 1877

Berre ein brøkdel av brua er synleg i dag

Vassendbrua er førti meter lang, og mesteparten er skjult under over hundre års avsetjingar av veggrus, stein og vegetasjon.

Ein svært liten del av Vassendbrua er synleg i dag. Resten er gøymd under sand, grus og vegetasjon.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Det påpeikar Ørsta Sogelag i eit skriv til Ørsta kommune, der dei skarpt protesterer på at Ørsta-politikarane i juni nok ein gong vedtok å byggje ny bru over Vassendbrua frå 1877. Dette trass i at Statsforvaltaren anullerte Samfunnsutvalet sitt tilsvarande vedtak frå sist vinter.