Malakoff i nedskalert miniversjon til helga

Pelle Almquist og The Hives er blant banda som kjem til Nordfjordeid neste helg.  Foto: MALAKOFF ROCKFESTIVAL/ ØYSTEIN TORHEIM/ARKIV

Nyheiter

Fjordingen: The Hives, Valkyrien Allstars, Ruben, Kvelertak og Dagny er blant artistane som kjem til ein nedskalert MiniMalakoff komande helg.

Malakoff 2021 vart avlyst, men arrangørane satsar likevel på å køyre eit mindre, tilpassa arrangement denne sommaren frå 22. til 24. juli på Nordfjordeid.

Arrangementet heiter MiniMalakoff og består av fire dagar med enkeltkonsertar og tre dagar med festival på festivalområdet til Malakoff.

– Vi har booka eit program som er relativt feitt, og syner at vi verkeleg ønskjer å strekke oss langt for å gje publikummet vårt gode konsertopplevingar, trass i litt vanskelege arrangørtider, seier festivalsjef for Malakoff, Arnt-Ivar Naustdal, i ei pressemelding.

– Vi gler oss til fantastiske dagar med store Malakoff-opplevingar!

På artistlista står følgjande namn i år: The Hives, Kvelertak, Dagny, Kjartan Lauritzen, Ruben, Säver, Sigrid Moldestad, Real Ones, Gaahls WYRD, Valkyrien Allstars, Death By Unga Bunga, Charlie Rackstead, Malin Pettersen og NSB.

Denne saka stod først på trykk i Fjordingen.