Vil frede Molaupen

«Mineralførekomstane må utgreiast først!»

Statsforvaltaren vil frede Molaupen. Men: Norsk Bergindustri meiner der må granskast for verdfulle mineral før noka freding kan kome på tale...

Molaupen.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Siste tjue åra har eit 1400 mål stort areal ved Barlindneset på austsida av Hjørundfjorden vore freda som naturreservat. No foreslår Statsforvaltaren at det freda området vert utvida med 1304 mål, og også omfattar Molaupen. Barlindneset har ein stor og vital førekomst av nettopp barlind, og det er også innslag av andre edellauvskog-artar.