Endeleg offisiell - noko etter

Volda Campus Sparebank1 Arena  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

11 månader etter at hallen vart tatt i bruk er det klart for offisiell opning av Volda Campus Sparebank 1 Arena – forkorta VCA.

– Hald av dagen – 6. november blir det endeleg offisiell opning av arenaen! Dette blir ein fullspekka dag med mange opplevingar, skriv VCA på sine heimesider.

Programmet byrjar med eit gratis barnearrangement, så blir det offisiell opning, og ei avslutning av dagen med Elton John tribute-konsert med Kjetil Grodås og The Mansfield Band, fleire lokale artistar og elevar frå musikklina ved Volda vgs.