Det blir minnesmarkering av 22. juli i Volda

Minnesmarkering av 22. juli blir i Volda kyrkje klokka 12.00. Markeringa startar 11.30 ved Uppheimsplassen.  Foto: Arkiv Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

– I år er det 10 år sidan terrorangrepet mot Regjeringskvartalet og sommarleiren til AUF på Utøya, skriv Volda kommune på heimesidene sine.

Dei inviterer til minnemarkering ved Uppheimsplassen 22. juli klokka 11.30, og frå 12.00 i Volda kyrkje. Då skal kyrkjeklokkene i heile Noreg ringe. Dette gjer dei for å minnest og heidre offer og pårørande.

Volda kommune skriv at arrangementet er ope, og at der vert musikkinnslag og talar.

Dei ber likevel dei som har symptom på luftvegsinfeksjon halde seg heime.

Her er programmet for arrangementet:

  • Velkomen – Sverre Leivdal, varaordførar
  • «Til ungdommen», song ved Mathias Sæbø og organist Morten Bollerud
  • Tale ved Sara Myklebust, Ørsta/Volda AUF
  • Tale ved Sverre Leivdal, varaordførar
  • Klokkene i Volda kyrkje ringer med fem minutts stillheit.
  • Musikk ved Anna Sæbø på fiolin og organist Morten Bollerud i Volda kyrkje
  • Open kyrkje