Ti år sidan terroren på Utøya:

– Eg hadde planar for livet, men alt endra seg etter 22. juli

22. juli 2011 er eit av dei mørkaste kapitla i Noregshistoria. 77 mista livet til ein terrorist. Blant dei overlevande var ørstingen Fredric Holen Bjørdal.

Fredric Holen Bjørdal er tilbake i Ørsta.  Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal

Nyheiter

– Etter eksplosjonen i Regjeringskvartalet samla vi oss i Storsalen på Utøya. Vi skulle roe ned særleg dei som var frå Oslo, og finne ut kva som hadde hendt saman. Mitt bidrag var å lage kyllingsuppe sidan eg var kjøkkensjef, fortel Fredric Holen Bjørdal.