Søndagstankar

"Pass dykk for desse"

søndagstankar 

Nyheiter

Då herr Mandelmann i TV-serien «Mandelmans gård» skulle skaffe seg påfuglar, så fekk han som råd å setje nokre store speglar på området deira. Påfuglane likar visst å spegle seg, og slik nyte sin eigen prakt. På Jesu tid hadde det utvikla seg ein heilt spesiell «påfuglsbestand.» Dei sprada omkring i lange kapper, let seg helse ærbødig på torget. Dei ville sitje fremst i synagoga og framfor alt ha heidersplass i gjestebod. Lange bøner var også eit særmerke. Dei levde med fromheita på utstilling. Dei let seg dyrke, og sola seg i det at folk flest såg opp til dei og underkasta seg dei.

Pass dykk for desse, formanar Jesus. Nedlatande fromheit er nemleg negative greier. Sann fromheit er nemleg ikkje eit renkespel. Du brieafar ikkje med fromheit. Å score poeng hos menneske, og gjere folk til undersåttar, har ingen verdi. Gudsliv på utstilling er verdilaust, det fører korkje ein sjølv eller eit medmenneske til Gud.

Det som fører fram er det stillfarande og ærlege samværet med Gud. Ikkje for å verte beundra av menneske, men for å verte tilgitt av Gud. Verst av alt vert det viss «påfuglen» på toppen et enkjer ut av huset. Lurer og manipulerer enkjer og småkårsfolk på ein måte som sugar dei ut. Slike «påfuglar» fins. I kontrast til dette, så løfter Jesus fram ei fattig enke, ho gir alt, i all stillheit. Ingen bøyer seg og helsar henne, men Jesu auge ser henne. Guds rike har ikkje plass til spellfekterier, berre til teneste, teneste, teneste. Audmjuk teneste. «Den som vil vere stor mellom dykk, skal tene dei andre;» sa Jesus ved eit anna høve.

Og medan han underviste, sa han (Jesus):

«Pass dykk for dei skriftlærde. Dei vil gjerne gå omkring i lange kapper, ta imot helsingar på torget, sitje fremst i synagogane og ha heidersplassen i gjestebod. Dei et enkjer ut av huset og held lange bøner for syns skuld. Dei skal få så mykje hardare dom.»

Mark. 12. 38-40