No blir det yoga i Skrivargarden

– Det er ein unik sjanse å kunne invitere folk inn i min eigen heim, seier Karen Rosenberg Olsen.

Yoga: Karen Rosenberg Olsen startar opp med yoga i Skrivargarden i Volda. Foto: Joachim Åsebø 

Nyheiter

28.- og 29. august går ho i gang med yoga i Skrivargarden i Volda. Karen er utdanna yogainstruktør og har undervist dei ti siste åra. Mykje av undervisninga har skjedd i Oslo, men no har ho, mannen Egil og barna etablert seg i Volda. I Skrivargarden ønsker Karen å skape eit samhald og ha ein kunstnarisk og kreativ profil rundt yogatilbodet.