Koronaviruset:

Truleg deltavarianten i Volda

Koronatesting  Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

I ei pressemelding sendt ut frå Volda kommuneskriv dei at det har kome svar på mutasjonsanalysen på det positive tilfellet meldt i går 15.07.

Dei skriv vidare at det mest sannsynlegvis er deltavarianten som har blitt påvist.

- Dette vil ikkje føre til ekstra tiltak no anna enn at alle må ha låg terskel for å teste seg og følge dei nasjonale smitteverntiltaka. Det er mogleg at prøven vert sendt til endelig sekvensering på FHI, det tek då nokre veker å få eit heilt sikkert svar. Ut frå dagens mutasjonsanalyse kan laboratoriet svare at det sannsynlegvis er deltavarianten, skriv kommunen i ei pressemelding..

Ifølgje Folkehelseinstituttet gir Delta-varianten meir alvorleg sjukdom og smittar lettare enn dei andre variantane.