Så mange er fullvaksinerte i Noreg

VAKSINE: No er over 30 prosent av befolkninga i Noreg fullvaksinerte  Foto: NPK

Nyheiter

30 prosent av befolkninga er no fullvaksinert, medan nær 60 prosent har fått første dose av koronavaksine i Noreg, viser FHIs statistikk frå torsdag.

3.151.601 personar er vaksinerte med første dose, og 1.634.336 personar har fått andre dose.

58,5 prosent av befolkninga har altså fått første dose, og 30,3 prosent av befolkninga er fullvaksinert.

For befolkninga over 18 år er talet høvesvis 73,6 og 38,2 prosent.

Førebels har FHI registrert at 46.334 personar fekk første dose onsdag, og 27.765 personar fekk andre dose.

Dei som har gitt første dose til størst del av befolkninga over 18 år, er Viken (82,8 prosent) og Oslo (82,5 prosent). Lågast del er i Troms og Finnmark (62,3 prosent) og Nordland (63,9 prosent). For andre dose ligg fylka Innlandet (40,3 prosent) og Vestfold og Telemark (40,2 prosent) best an.

Pfizer og Biontech produserte den første koronavaksinen brukt i Noreg, og første dose vart sett den 27. desember 2020. 15. januar vart første dose av Moderna-vaksinen sett, og 7. februar vart AstraZeneca-vaksinen teken i bruk. 11. mars vart AstraZeneca sett på pause, før regjeringa kunngjorde den 12. mai at han blir teken ut av vaksinasjonsprogrammet på grunn av alvorlege blodpropptilfelle.

Janssen-vaksinen frå produsenten Johnson & Johnson er teke ut av det norske vaksineprogrammet etter meldingar om alvorlege biverknader. Det er opna for at han kan givast til frivillige når strenge helsemessige kriterium er oppfylte.