Ny oppvekstsjef i Ørsta

Ellen Jåvold blir ny seksjonsleiar skule i Ørsta kommune.  Foto: Privat

Nyheiter

I august får kommunen ny seksjonsleiar for seksjon skule, og det vert samtidig endring i organiseringa av Ørsta opplæringssenter, skriv Ørsta kommune på sine heimesider.

1. august går seksjonsleiar skule, Kirsti Øy Driveklepp av med pensjon. Ellen Jåvold tek då over som seksjonsleiar, ho er busett på Bryggja i Nordfjord, der ho har vore kommunalsjef.

Nytilsett: Hilde Bjørkedal er nytilsett assisterande rektor og avdelingsleiar for Ørsta opplæringssenter.   Foto: Ørsta kommune

Det vert frå 1. august også andre endringar i seksjon skule.

Ørsta opplæringssenter vert ikkje lenger eiga eining, men lagt under Ørsta ungdomsskule med nytilsett assisterande rektor, Hilde Bjørkedal, som avdelingsleiar, står det på nettsida.

Tidlegare rektor for opplæringssenteret Oddbjørn Aam vil framleis arbeide i kommunen i seksjon skule, og assisterande rektor ved opplæringssenteret, Oddny Flugekvam, går av med pensjon.

Tidlegare rektor: Oddbjørn Aam vil fortsatt arbeide i kommunen i seksjon skule.   Foto: ARKIV