Koronaviruset:

Smitte påvist i Volda

Koronatesting  Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

Volda kommune skriv i ei pressemelding at dei torsdag fekk melding om ei ny positiv koronaprøve, og at vedkomande var fullvaksinert og testa seg på grunn av milde symptom.

– Smitten skriv seg truleg frå ein annan del av landet. Éi nærkontakt i Volda kommune har blitt testa i dag, skriv kommunen.

Volda kommune minner difor om at det er viktig at ein testar seg ved symptom sjølv om ein er vaksinert, då ein likevel kan verte smitta. Dette gjeld også om ein «berre» har milde symptom.

– Dersom ein er tilreisande til kommunen frå andre stader i landet med høgt smittetrykk eller frå «grønt land», bør ein teste seg nokre dagar etter at ein har kome heim. Ein treng då ikkje å vere i «karantene» mens ein ventar på prøvesvaret, heiter det i pressemeldinga.