Funn av giftig stoff:

Har du denne sausen?

STOFF: Det er funne eit stoff som er forbode i Noreg i denne bearnaisesausen.  Foto: Coop Norge

Nyheiter

I ei pressemelding skriv Coop Norge:

Vi kallar tilbake Coop Smak Béarnaise 220 gram etter funn av etylenoksid i produktet.


Kva er etyneloksid?

Stoffet etyneloksid er ein giftig gass som brukast til desinfeksjon og produksjon av etylenglykol, ein form for alkohol.

Kjelde: SNL


Vidare skriv dei at stoffet er forbode i Noreg og EU/EØS-landa og det er derfor produktet blir tilbakekalla. Det informerer Silje Verlo Alisøy, kommunikasjonsrådgivar i Coop Norge.

– Det er ingen helsefare knytt til inntak av sausen, skriv ho vidare.

Kundar som har kjøpt produktet bes levere det tilbake til butikken, og at dei får att pengane.

Tilbakekallinga gjeld Coop Smak Béarnaise 220 gram med best før datoar:

  • 16.07.21
  • 23.07.21
  • 06.08.21
  • 12.08.21
  • 19.08.21
  • 26.08.21
  • 02.09.21
  • 13.09.21
  • 16.09.21
  • 24.09.21
  • 14.10.21
  • 22.10.21