Ørstingen Jon Malvin (66) vart lottomillionær:

Fekk hakeslepp då han sjekka kontoen

LOTTOGEVINSTAR: På to veker har Narvesen i Ørsta hatt millionvinnarar i Lotto og Eurojackpot. Til saman to millionar kroner. May Skaget Lysbakk elskar når kundane vinn noko.  Foto: Bendik Mork Folkestad

Eg skjønte ingenting, og måtte sjekke med banken at saldoen var korrekt

Jon Malvin Sætre
Nyheiter

På to veker har Norsk Tipping delt ut to millionar kroner til fleire heldige spelekundar ved Narvesen i Ørsta. Ein av dei heldige vinnarane er John Malvin Sætre.