– Har rana prestegarden for verdiar

– Det er heilt urimeleg at Opplysningsvesenets fond, etter å ha rana Hjørundfjord prestegard for verdiar, skal selje til høgstbydande.

Hjørundfjord prestegard  Foto: Marius Myklebust

Nyheiter

Det seier Synnøve Rekkedal Hill (Sp) i eit grunngjeve spørsmål til ordførar Stein Aam.

Rekkedal Hill viser at Opplysningsvesenets fond har lagt Hjørundfjord prestegard ut for sal.

– Kva kan Ørsta kommune gjere for at Hjørundfjord Prestegard ikkje vert sletta med jorda?, er spørsmålet frå Rekkedal Hill.

Ho viser til at prestegarden på Sæbø i Ørsta kommune sin kommunedelplan for kulturminne og – miljø, er definert til å ha omsynssone kategori 2.

– Det tyder at Hjørundfjord Prestegard har kulturhistorisk verdi, seier Rekkedal Hill.

Ho peikar på at prestegarden utgjer det opphavlege Sæbø. Våningshuset vart bygt kring 1865.

– Prestegarden ligg også monumentalt til, heva over gateplan og i ein akse mellom den gamle voren (som no ligg under utfylling), bautasteinen og kyrkja. Med tilbakeført eksteriør vil bygningen vere eit kulturelt landemerke for Sæbø, seier Rekkedal Hill

Ho meiner at prestegarden var det gamle Sæbø, før noko anna var der, bortsett frå nokre naust og buder.

Synnøve Rekkedal Hill (Sp).  Foto: Marius Myklebust


– Han var sjølve senteret i Hjørundfjorden, seier Rekkedal Hill.

Ho peikar dessutan på at prestegarden utgjer ei viktig skulesoge.

– Sokneprest Ottesen tok inn gutar frå bygdene og gav dei undervisning, så dei kunne lese til examen Artium. Ein kan seie at prestegarden på Sæbø var forløparen for Landsgymnaset i Volda, insisterer Rekkedal Hill.

Ho meiner at Opplysningsvesenets fond har skodd seg godt på prestegarden.

–OVF har alt tatt ut alt av verdi i prestegarden. Dei har tent gode pengar på bygsling av tomter til folket på Sæbø, no har dei tatt ut all skogen som høyrde til garden. Staten gjekk til og med inn med 800.000 kroner til skogsbilveg for å kunne ta ned tømmeret. Det er heilt urimeleg at OVF no etter å ha rana Hjørundfjord Prestegard for verdiar, kanskje skal selje til høgstbydande utan at det vert kravd at huset si kulturelle soge skal takast omsyn til, seier Rekkedal Hill.

– Kva kan Ørsta kommune gjere?, er spørsmålet til ordføraren.