Voldingane si demokrati-kjensle skal granskast

Her vil det snart kime i telefonar som vert oppringde frå Kommunenes Sentralforbund.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Volda kommune skal vere med i lokaldemokratiundersøkinga 2021. Det betyr at du som innbyggjar når som helst kan bli oppringd av eit gallupbyrå, og då må du finne nokre kløktige svar om korleis du syns lokaldemokratiet i Volda funkar.

Det er Kommunesektorens organisasjon (KS) som står bak undersøkinga.

Undersøkinga vert sett i samanheng med kommuneplanen sin samfunnsdel, og skal visstnok vere i tråd med FN sitt berekraftsmål om fred, rettferd og velfungerande institusjonar.

Og håpet er at undersøkinga kan vere eit nyttig grunnlag for å styrke demokratiet i Volda, heiter det på kommunen si heimeside.

Resultatet av undersøkinga vil bli publisert på www.bedrekommune.no. Her kan du også studere resultata frå andre kommunar som deltek.

Dei folkevalde slepp heller ikkje unna: På kommunestyret i dag (16. juni) skal dei svare elektronisk på heile 50 spørsmål frå KS.