Statsministeren til høgskulen

Besøk: Statsminister Erna Solberg vitjar høgskulen søndag. 

Nyheiter

Komande søndag skal statsminister Erna Solberg vitje Høgskulen i Volda.

Besøket skjer i samband med ein sunnmørsturne som statsministeren er på.

Under besøket skal statsministeren ha synfaring i det nye mediebygget.

Etter synfaringa på Sivert Aarflot-huset (mediebygget) vil statsministeren også få informasjon om høgskulens arbeid med å legge til rette for studentaktive læringsformer særleg innan Avdeling for samfunnsfag og historie.

Høgskulen har nett fått ei løyving på 10 millionar kroner frå regjeringa for bygge om Hans Strøm-huset til dette føremålet. Samla kostnad på ombygginga vert truleg ca. 60 millionar kroner.

Siste del av besøket får statsministeren informasjon om planane for Norsk Innovasjonssenter og Høgskulens arbeid med innovasjon i samarbeid med regionalt arbeidsliv, Sunnmøre Kulturnæringshage og Volda kommune, heiter det i ei melding frå Høgskulen i Volda.

Det er fyrste gong sidan 1978 at ein statsminister vitjar Høgskulen i Volda.