Robert møtte kjærleiken i utlandet. No skal han reise verda rundt med hammar og sag.

– Eg skulle berre reise rundt i Noreg og ta på meg oppdrag, men så møtte eg ho som no er kjærasten min, og då vart planane brått mykje større.

Reisande snikkar: Robert Roseth (25).  Foto: Bendik Mork Folkestad

Nyheiter

Sist veke tok Robert Roseth (25) laus ut i den store verda for å tilby snikkartenester, eit prosjekt som har tatt åtte månader på å bli klart.