Skal gå 80 mil i fjellet i mora si ånd

Etter at mora døydde av Alzheimer bestemte Nils-Jarle seg for å samle inn pengar til forsking. Målet er ein million

– Det vert eit blodslit, men motivasjonen er så sterk at eg skal klare det!

Nils-Jarle Sætre skal gå frå fjøresteinane på Stad til Noregs høgste fjell Galdhøpiggen ( (2.469 moh.) med mål om å samle inn ein million kroner til forsking for sjukdomen Alzheimer som mor hans fekk. Her er den fjellglade 50-åringen fotografert på Maraftahornet.   Foto: Privat

Eg ville vere nær mamma den siste tida ho levde. Dette var viktig sjølv om ho på slutten ikkje kjende meg lenger

Nils-Jarle Sætre
Nyheiter

Vartdalingen Nils-Jarle Sætre skal snart gjennomføre eit høgst spesielt prosjekt: I juli startar 50-åringen på ein gåtur på 70–80 mil der målet er å samle inn ein million kroner til forsking på sjukdomen Alzheimer.