- Fantastisk interesse

Heile 462 barn og unge vil vere med på sommarskulen i Ørsta

Arrangørane av kommunen sin sommarskule opplever enorm pågang for å delta.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Heile 462 barn / unge har søkt eit eller fleire tilbod på sommarskulen, melder Ørsta kommune.


Søknadsfrist 10. juni

Dette er sommarskuletilboda i Ørsta

Også i år vert det sommarskule-tilbod i Ørsta. Seks lag/organisasjonar er plukka ut til å vere arrangørar.


- Vi har folk som no arbeider med å fordele plassar. Målet er at alle som har søkt skal få minst eitt av ønska sine oppfylt, skriv kommunen på heimesida.

På dei fleste aktivitetane var det fleire søkjarar enn plassar. Det vert difor loddtrekning mellom plassane.

- Føresette vert varsla ein av dei første dagane, vi ber dei takke ja eller nei til det tilbodet som barnet / ungdomen har fått. Informasjon og kommunikasjon vil gå via e-post. Vi treng raskt svar, då ventelista på enkelte tilbod er lang, skriv kommunen.