Her kan det fellast tolv hjortar

Vilt- og innlandsfiskenemnda har fastsett jaktkvotane for hjortevald utan bestandsplan.

Strandabøen/Molaupen: Her kan det fellast tolv hjortar i 2021. 

Nyheiter

Det vert lagt opp til eit høgt tal fellingsløyve.

Dei største valda i Ørsta kommune har bestandsplan, og avgjer i stor grad sjølve talet på fellingsløyve. Der det ikkje er bestandsplan, må kommunen fastsetje desse.

Vanlegvis får desse valda tildelt løyvet etter minstearealet i kommunen, men fordi bestanden er høg, er talet på løyve auka med tretti prosent samanlikna med det.

Fellingsløyva vert tildelt med ca. 40 % kalv, 40 % koller, 10 % spissbukk og 10 % vaksen bukk. Desse får løyve:

Rynningen 9 dyr.

Trandal 14 dyr.

Nes 4 dyr.

Nes B dyr

Strandabøen/Molaupen 12 dyr. 7.

Maude jaktvald 2 dyr.

Skår 16 dyr.

Mork 9 dyr. 10. Vald 429

Sætre 17 dyr.

Ørstavik 7 dyr.

Masdal 14 dyr.

I tillegg er dette bestemt:

Nørestranda storvald får 16 ekstra fellingsløyve for 2021, tildelt som frie dyr.

Vartdal storvald får 31 ekstra fellingsløyve for 2021, tildelt som frie dyr.