Denne bedrifta er nøgd med å vere passeleg stor

Vinjevoll Rør har siste åra hatt ei god utvikling, og skal no auke staben. Men noko ekspanderingsmål har dei ikkje.

Vinjevoll rør: Bakfrå: Kjell Roger Næsje Lereng, Øystein Bjerknes, Håvard Davidsen, Kenneth Rysslet Follestad, Alfred Steinnes og Johan Nesje Olsen.   Foto: Roy-Arne Folkestad

Vi prioriterer alltid nødhjelp, til dømes når kloakken er tett

Kjell Roger Næsje Lereng
Nyheiter

– Mange verksemder vil utvide og heile tida vekse. Vi er passeleg store, og er nøgde med det. Vi har god oversikt og eit godt arbeidsmiljø. Målet er heile tida å drive god butikk og god kundebehandling.