Fleire barn byter ut norsk med engelsk

Norske barn heilt ned i barnehagealder har begynt å prate engelsk. Lærarar over heile landet ser at ungdommar brukar så mykje engelsk i kvardagen at det går ut over norsken.   Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Nyheiter

Norske barn heilt ned i barnehagealder har begynt å prate engelsk. Lærarar over heile landet ser at ungdommar brukar så mykje engelsk i kvardagen at det går ut over norsken.

Det skriv NRK.

– Eg trur hovudgrunnen er barne-tv og YouTube, seier pedagogisk leiar Emilie Korsnes Molvær i Gnist barnehage i Ålesund til NRK.

Ei anna medverkande årsak er at nokre av barna i barnehagen har engelsk som hovudmål, meiner ho.

Molvær blir ofte overraska over kor mykje engelsk både små og stor barn kan.

Språkprofessor Kristine Benzen ved Universitetet i Tromsø er ikkje overraska over at barnehagebarn snakkar engelsk.

– Barn bli bombardert med engelsk språk rundt seg heile tida. Både frå TV, nett og alle digitale plattformer. Barn snappar til seg språk veldig lett, seier Bentzen til rikskringkastaren.