Bilstøy i sentrum og feststøy i bustadfelt

Nyheiter

Natt til søndag fekk politiet melding om feststøy i Rystefeltet. Politiet reiste til staden og avslutta festen. Hendinga vart rapportert klokka 02.39 og politiet opplyser på Twitter at saka ikkje blir meldt.

Klokka 03.12 fekk politiet melding høg musikk i Ørsta sentrum.

– Melding om høg musikk og bilstøy frå "rånarar" i området ved Hotel Ivar Aasen. Vi har vore i området utan å fange opp aktuelle køyretøy, skriv politiet på Twitter.