Løvetannåret

– Eg grin litt på nasen over gull i plendekket

Løvetannåret  Foto: Arne Ola Grimstad

Nyheiter

Såg du nokon gong så mange, så vakre, så sollysande gule løvetenner som i vår. No – på spranget rett inn i sommaren – møter løvetanna deg over alt. Langs alle vegkantar, over nesten alle marker, på kanten til hagen og nesten drypande våt heilt nedmed bekken. Jau då, eg veit at nesten ingen plentilhengar vil ha denne krabaten dominerande over plengraset. Og i steinbeda er det heilt andre blomsterarter som ein gjerne vil ha plassen til. Men kan du ikkje vedgå, der du står med plantespada i handa, klar til å starte krigen over alle krigar, krigen som du truleg ikkje vinn- at løvetanna er vakker, full av liv, full av sol og vår og mot. Slakk på farten, der du køyrer grusveg og asfaltdekke, slakk på farten og nyt denne rikdommen av gullgult- så lenge det varer.