Veglaus bygd får leikeplass

Ørsta kommune går inn med 30.000 kroner i støtte til ein leikeplass på Trandal.

Leikeplass: Trandal skal få leikeplass. 

Nyheiter

Det vedtok kommunestyret samrøystes onsdag.

Trandal grendelag har søkt om 30.000 kroner til tiltaket, og tilrådinga frå administrasjonen var ei støtte på 20.000 kroner.

– Borna på Trandal har lang avstand til tilsvarande tilbod i kommunen. Difor bør kommunen støtte tiltaket slik det er søkt om, sa Aleksander Riise Olsen (Ap). Han foreslo ei støtte på 30.000 kroner.

Gunnar Knutsen (V) støtta Riise Olsen.

– Dessutan bør dette verte eit spelemiddelprosjekt, slik at det kan søkjast om nærmiljømidlar, sa Knutsen.

Det tok også Per Ivar Lied (Sp) tak i.

– Eg saknar vurderingar av andre tilskotsordningar. Det er mogleg å utvide prosjektet, og få nærmiljømidlar, sa Lied.

– Det er viktig at det også vert spelt på lag med fylkeskommunen. Der er det midlar gjennom spelemiddelordninga. Uansett, 30.000 kroner er ein liten sum som eg med stor glede skal støtte, sa Hans-Olav Myklebust (Frp).

Hans Olav Myklebust: 30.000 er ein liten sum gir stor glede. Mine om fylkeskommunen har midlar gjennom spelemidlar. Viktig at vert spelt på lag for å hente ut mest mogleg der.