Smykkedame med skrinet fylt med minne

– I bruk gir eit smykke oss noko å sjå på og noko å snakke om. Eit smykke kan more oss, overraske, provosere, røre og irritere, meiner kunsthistorikar og ihuga smykkesamlar Jorunn Veiteberg, som har skrinet meir enn fullt.

Kunsthistorikar Jorunn Veiteberg elskar smykkekunst og har skrive bok om den store samlinga si. Her har ho på seg øyrepynt av Kim Buck og eit anheng av Jenny Bringaker.   Foto: Kari Hamre / NPK

Nyheiter

Til alle tider har menneske av ulike grunnar dekorert seg med smykkeliknande objekt. Det har Jorunn Veiteberg (f. 1955) gjort sidan tenåra. I tillegg er ho ein stor samlar. Det har resultert i om lag 550 gjenstandar av 220 smykkekunstnarar frå 30 ulike land. No er ho aktuell med boka «Smykkeskrinet» der ho viser fram den spesielle samlinga si og filosoferer over kvifor ho har så stor pasjon for smykke. Det er blitt ei personleg historie, men er også eit bidrag til kunsthandverkshistoria generelt.