Mor og dotter syklar Noreg på langs

Med gipsa hand held turen fram

Elisa og Astrid Bjørdal er godt i gang med å sykle Noreg på langs.  Foto: Privat

Nyheiter

Astrid og Elisa Bjørdal starta 4. juni på eit stort prosjekt og eit reiseeventyr. Mor og dotter skal sykle Noreg på langs dei komande vekene. I eit halvt år har det blitt lagt ned mange timar på sykkelsetet for å vere klar til kraftprøva, og turen har blitt godt planlagt. Startskotet gjekk på Nordkapp. På lengre turar kan det dukke opp utfordringar, men Astrid og Elisa hadde ikkje sett føre seg det som skulle skje på andre dag av turen. Astrid var uheldig etter at ein turist hadde stoppa dei for spørje om vegen. Då ho skulle sette seg på sykkelen att fekk ho overbalanse og ramla. Handleddet fekk seg ein trykk. Dermed vart det buss til Tromsø for å undersøke skaden. På sjukehuset vart det konstatert brot i handleddet og handa er no gipsa.