Stor aktivitet gir behov for fleire tilsette i Aurstad

Fleire prosjekt blei skubba ut i tid som følgje av koronaen, men no er det igjen stor aktivitet i Aurstad-konsernet.

Direktør:Jo Stian Tverberg er administrerande direktør i Aurstad-konsernet som har base i Hovdebygda og verksemd fleire stader i landet.   Foto: Anne-Mari Tomasgard, Sunnmørsposten

Nyheiter

Sunnmørsposten: Aurstad-konsernet fekk eit overskot på knapt 3,3 millionar kroner i fjor, men hadde kraftig nedgang i omsetning. Konsernet omsette for 170 millionar kroner, noko som er 60 millionar kroner mindre enn året før.